Til startsiden

Oppstartmelding

Verneområdestyret for SVR melder med dette frå om at arbeidet med å utarbeide ein forvaltingsplan for desse tre verneområda no vert sett i gang. Forvaltingsplanen vil ha ein felles del for alle tre verneområda, men og ein del der dei ulike områda vert presenterte kvar for seg. Planen vil bli samordna med retningslinjene i Forvaltingsplanen for SVR der det er muleg og naturleg.

I samband med dette arbeidet ber vi om kommentarar og innspel på desse emna:

  • Kva for tema bør vi ta opp i forvaltingsplanen?
  • Erfaringar med forvaltinga av verneområda då Fylkesmannen hadde forvaltaransvar.
  • Planlagde tiltak og aktivitetar i dei aktuelle områda.
  • Konkrete innspel på vurderingar som bør gjerast i forvaltingsplanen når det gjeld noverande og framtidig bruk.
  • Kommentarar på organisering og framdrift i planarbeidet.

 

Fristen for å kome med innspel er 1. april 2016.

 

Ein  kan kome med innspel på følgjande måtar:

            E-post: jorunn.haugen@svr.no

            Telefon: 416 15 369

            Brev: Jorunn Haugen c/o Valle kommune, 4747 Valle

            Personleg frammøte: Kommunehuset i Valle der Jorunn har kontor, på   oppstartmøte eller etter nærare avtale på Hovdetun.

(Publisert:29.02.2016)