Til startsiden

Styret

Fjellsmelle.
Fjellsmelle. , Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Verneområdestyre er oppnemnd av Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for verneforskrifta for:

- Dyraheio landskapsvernområde i Suldal kommune
- Frafjordheiane landskapsvernområde i kommunane Forsand, Gjesdal og Sirdal
- Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune
- Kvanndalen landskapsvernområde i Suldal kommune
- Lusaheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune
- Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde i kommunane Bygland,
- Bykle, Forsand, Haegebostad, Kvinesdal, Sirdal, Valle og Aseral
- Steinsbuskardet-Hisdalen biotopvernområde i Bykle kommune
- Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune


Vedtekter for verneområdestyret

Tid for kveldsmat

Miljødirektoratet har fastsett vedtektene for verneområdestyret for SVR. Vedtektene fortel mellom anna om styret si myndigheit, geografisk verkeområde, samansetting av styret, styret sine oppgåver, klagehandsaming og klagerett.

Styremedlemmer

Snart ved i omnen på Hestebu

Medlemmene er sett saman av politisk oppnemde representantar i dei 11 kommunane og dei tre fylkeskommunane som har areal i SVR.

Arbeidsutval

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.

Styret har valt eit arbeidsutval som har fått delegert myndigheit til å handsame ein del dispensasjonssøknader. Arbeidutvalet er sett saman av styreleiar og nestleiar og tre andre styremedlemmer.

Fagleg rådgjevande utval

    Styret oppnemne eit fagleg rådgjevande utval. Utvalet består av representantar for dei ulike interessene i området, som m.a. grunneigarar, andre offentlege organ som det vedkjem særleg, som til dømes fjellstyre, næringsliv, friviljuge organisasjonar, m.a. natur- og miljøorganisasjonar og liknande.

Administrativt kontaktutval

Fast fisk

  For å sikre at forvaltninga av verneområda blir godt integrert i den kommunale forvaltninga, har styret oppnemnd eit administrativt kontaktutval beståande av representantar frå administrativt nivå i dei ulike kommunane og fylke.

(Publisert:26.11.2012 Sist endret:03.02.2014)

Tilsynsutval

  Det er pr i dag to tilsynsutval.

Møtekalender

Verneområdestyre for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane