Til startsiden

Saksgang og innhald i byggesøknader


 

Alle (privatpersonar, lag og organisasjonar, offentlege etatar) som har planar om søknadspliktige  tiltak i eit av verneområda, skal sende søknad om dispensasjon til verneområdestyret (post@svr.no), samt til den kommunen der tiltaket er planlagt.

Søknaden skal handsamast etter det strengaste regelverket først (jf. nml § 48, 3. avsnitt). Dette inneber som regel at saka først skal handsamast av verneområdestyret etter verneforskrifta, så av kommunen etter plan- og bygningslova. I byggesaker i landskapsvernområde vil plan- og bygningslova kunne ha strengare krav. I slike tilfelle vil det vere naturlig at kommunen handsamar saka først, etter samtykke med forvaltningsstyresmakta.  Dette vil lette sakshandsamingstida. Ein anbefaler uansett alle søkarar å ha eit avklaringsmøte med forvaltningssekretariatet før full søknad og byggeteikningar vert laga.

Etter at søknaden er motteken i forvaltingssekretariatet, blir det sendt eit førebels svar til søkjar dersom saka ikkje kan handsamast i løpet av 3 veker. Ein anbefalar å ha eit avklaringsmøte med forvaltningssekretariatet før full søknad og byggeteikningar vert laga.

Verneområdestyret har delegert til eit arbeidsutval å handsame mindre omfattande byggjesaker, samt å vurdere når ein byggjesak må opp i eit samla styre. Arbeidsutvalet har møte ein gong kvar månad. Eit samla Verneområdestyret handsamar alle sakar som omfattar nybygg og andre store byggjesaker. Verneområdestyret har møte tre gonger i året. Søknadar om større byggjetiltak må derfor sendast inn i god tid.

 

Innhald i byggesøknadar

Alle byggesøknadar skal innehalde:      

  • namn på søker, gards og bruksnummer
  • at det søkes om dispensasjon frå verneføreskrifta     
  • kort beskriving av tiltaket
  • grunngjeving for tiltaket, beskriving av behov for tiltaket
  • naudsynt dokumentasjon av tiltaket si verknad på verneverdiane
  • korleis transport og gjennomføring kan gjerast mest mogleg skånsamt
  • oversiktskart som viser plassering i landskapet
  • situasjonskart (ca 1:1000) som viser plassering i terrenget
  • byggeteikningar over plan, snitt og fasade
(Publisert:30.12.2012 Sist endret:16.06.2015)