Til startsiden

Søknadsrutiner for motorferdslesakar

Kringle- og snønuten i Dyraheio
Kringle- og snønuten i Dyraheio, Foto: Jarle Lunde/Suldal.no


 

Alle (privatpersonar, lag og organisasjonar, offentlege etatar) som har planar om søknadspliktig  motorferdsle i verneområda, skal sende søknad om dispensasjon til den kommunen der tiltaket eller ferdsla er planlagt. Søknaden skal sendast på eit eige søknadsskjema som du finn nedanfor. Du kan og få skjema tilsendt frå SVR eller den aktuelle kommunen.

Dersom søknaden gjeld fleire kommunar (til dømes motorisert ferdsel som kryssar kommunegrensene), er det nok å sende søknaden til ein av kommunane. Vedkomande kommune må då vidaresende søknaden til verneområdeforvaltninga og dei andre kommunane søknaden omfattar. Etter at søknaden er motteken i forvaltingssekretariatet, blir det sendt eit førebels svar til søkjar dersom saka ikkje kan handsamast i løpet av 3 veker.

(Publisert:17.12.2012 Sist endret:16.06.2015)