Til startsiden

Verneområda

Å ta vare på viktige delar av av villreinen sitt leveområde er sentralt for vernet av SVR.
Å ta vare på viktige delar av av villreinen sitt leveområde er sentralt for vernet av SVR., Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

 

Dei åtte verneområda har både fellestrekk og sine særpreg. Til saman utgjer dei det nest største verneområde i Norge. I korte trekk kan me seie at føremålet med vernet er å ta vare på eit særmerkt og samanhengande heieområde, dyre- og planteliv, stølsområde og andre kulturverdiar. Særskilt skal ein ta vare på viktige delar av villreinen sitt leveområde.

Her gir me ein omtale om kvar enkelt verneområde.


Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsverneområde

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.

  Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde blei oppretta i 2000 som det andre største verneområdet i landet. Området er 2 385 km² og går inn i i fylgjande kommunar: Bygland, Bykle og Valle i Aust-Agder, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal og Åseral i Vest-Agder og Forsand i Rogaland.

(Publisert:17.12.2012 Sist endret:27.05.2016)

Dyraheio landskapsvernområde

Frå Strandalen i Dyraheio.

  Dyraheio landskapsvernområde blei verna i 1997. Området er 304 km2 og ligg i Suldal kommune. Føremålet er «å ta vare på eit særmerkt fjellområde med med urørt natur, rikt planteliv, verdifulle stølsområde og beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heiebeiting, jakt fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre ...

(Publisert:25.11.2012 Sist endret:28.03.2016)

Kvanndalen landskapsvernområde

Den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, frå 1888, ligg i Kvanndalen.

  Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde meir enn dalen som har gjeve namn til området. Her finn vi også Rogalands tre høgaste fjelltoppar, ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og reinsdyrfangst. Landskapsvernområdet ligg i Suldal kommune, er omlag 84 km2 og blei ...

(Publisert:24.11.2012 Sist endret:28.03.2016)

Vormedalsheia landskapsvernområde

Utsyn frå morenen Trollgarden

  Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km2) blei oppretta i 1991 og ligg i Hjelmeland kommune. Føremålet med vernet er «å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gjev eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.» I seinare år har forsking påvist ein "ny"naturskatt i utkanten av verneområdet: Ritlandskrateret. ...

(Publisert:05.12.2012 Sist endret:28.03.2016)

Lusaheia landskapsvernområde

Eidavatn turistforeningshytte ligg innafor verneområdet

  Lusaheia landskapsvernområde (122 km²) blei verna i 1991 og ligg i Hjelmeland kommune. Føremålet med vernet er «å ta vare på eit særmerkt og vakkert høgfjellslandskap som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.»

(Publisert:05.12.2012 Sist endret:28.03.2016)

Frafjordheiane landskapsvernområde

Øvre Espedalsstølen

  Frafjordheiene landskapsvernområde blei verna  i 2003. Området dekker ca. 418 km2 i kommunane Forsand, Gjesdal og Sirdal. Området har store kvalitetar og er særprega på mange vis.

Steinsbuskardet-Hisdalen biotopvernområde

  Steinbuskardet-Hisdal biotopvernområde har til føremål å sikre eit særs viktig heilårs leveområde med trekkvegar og kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei.

(Publisert:05.12.2012 Sist endret:03.01.2013)

Holmavassåno biotopvernområde

  Føremålet med biotopvernet er å sikre viktige trekkvegar for villreinen i fjellområdet mellom Kvanndalen landskapsvernområde og Dyraheio landskapsvernområde. Område blei verne i medhald av lov om viltet i 1981 og dekker eit areal på omlag 23 km2. Verneområde ligg i Suldal kommune.

Hovden landskapsvernområde, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat

Forvaltingsansvaret for Hovden landskapsvernområde, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat vart hausten 2015 overført frå Fylkesmannen i Aust- Agder til verneområdestyret for SVR. Alle desse tre verneområda grensar til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Hovden landskapsvernområde (59 km2), Vidmyr naturreservat (9,7 km2) og Lislevatn naturreservat (1,1 km2) er alle ...

(Publisert:30.10.2015)