Basiskartlegging for Høyrokampen og delar av Høydalen er gjennomført!
06.03.2024
Basiskartlegging av natur i Høyrokampen naturreservat og delar av Høydalen landskapsvernområde er gjennomført i 2023 og no har det kome inn på digitale kartløysingar!
Du kan nå gå inn på naturbase.no : Naturbase kart (miljodirektoratet.no)
Klikk på kartlag til venstre på sida
Klikk på kartlaget «Naturvernområder»
Klikk på Natur i verneområde (NiN)
Klikk på kartet og zoom inn på Høyrokampen og Høydalen.
Klikk på eit område av interesse så får du opp meir informasjon om områda
Dersom du ynskjer å lese rapporten som er skriven frå basiskartlegginga så kan du gå inn på publikasjoner, deretter fagrapporter og så ligg rapporten under botanikk
Besøksstrategien er godkjent av nasjonalparkstyret.
29.01.2024
I styremøte den 24.11.2023 gjorde Breheimen nasjonalparkstyre vedtak i saka om besøkstrategien for Breheimen.
Besøksstrategi Breheimen - Høyring
04.09.2023
Besøksstrategien for Breheimen er sendt ut på høyring. Høyringsfrist er: 16.10.2023. I samband med høyring av besøksstrategien for Breheimen blir det gjennomført informasjonsmøte. Meir informasjon finn du her.
Anbod på istandsetjing og oppgradering av buforvegar, stiar og murar i Mørkridsdalen landskapsvernområde.
16.05.2023
Breheimen nasjonalparkstyre har årleg arbeid med istandsetjing av stiar/buforvegar i verneområdet. Dei komande åra er det også aktuelt å setja i stand det gamle steingjerdet på Dulsete. Arbeidet på buforvegar/stiar vert prioritert både for å få fram dyr på beite og for å legge betre til rette for ferdsel i området. Det kan sendast tilbod på heile eller delar av tilbodskonkurransen. Det kan bli aktuelt å skrive avtale med fleire tilbydarar. Tilbodsfrist: 12.06.2023 kl.12.00.
Sjå vedlagt dokument for meir informasjon.