Breheimen nasjonalpark
- Offisielt namn:Breheimen nasjonalpark
- Verneform:Nasjonalpark
- Verna frå:2009
- Areal:1697 km²
-
Kommunar:Luster,Lom,Skjåk,Stranda,Stryn
- Verneforskrift
- Faktaark
Foto: Øyvind Angard. SNO Breheimen.
Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep.
Vidare er føremålet med nasjonalparken å:
- ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
- ta vare på leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde
- ta vare på vassdragsnaturen i området
- ta vare på ein variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap
- ta vare på grottene i området
- ta vare på kulturminne.
Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.