Meny
Lukk
Føremålet med Høyrokampen naturreservat er å ta vare på eit område som inneheld sjeldsynte og trua karplantar, lav, mosar og sopp. Området har ein særskilt verdi som Området har ein særskilt verdi som botanisk lokalitet. Vidare er føremålet med naturreservatet å ta vare på eit område med særskilt verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, økosystem, plante- og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Reservatet har stor variasjon i naturtypar, mellom anna sørvendt berg og rasmark, naturbeitemark, kalkrike område i fjellet og kalkskog. Området har og særskilt naturvitskapleg verdi som vitskapleg og pedagogisk referanseområde.