Strynefjellet landskapsvernområde
- Offisielt namn:Strynefjellet landskapsvernområde
- Verneform:Landskapsvernomraade
- Verna frå:2009
- Areal:12 km²
-
Kommune:Skjåk
- Verneforskrift
- Faktaark
Føremålet med Strynefjellet landskapsvernområde er å ta vare på eit naturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:
- ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde.
- ta vare på biologisk mangfald i området, med særleg vekt på leveområde og trekkområde for villreinstammen i Ottadalen villreinområde.
- ta vare på kulturminne som bidreg til landskapet sin eigenart.
- ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.