Vigdalen landskapsvernområde
- Offisielt namn:Vigdalen landskapsvernområde
- Verneform:Landskapsvernomraade
- Verna frå:2009
- Areal:29 km²
-
Kommune:Luster
- Verneforskrift
- Faktaark
Føremålet med Vigdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:
- ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet.
- ta vare på kulturhistoriske verdiar, stølar og kulturminne.
- ta vare på geologiske førekomstar og breforma landskap som U-dalar, breen sine avsetningar og andre kvartærgeologiske førekomstar.
Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging