Kurs i stibygging i norsk natur
Varig vedlikehald av stiar i ei verd av vatn
Korleis skal vi ta vare på stiane i naturområda våre? Vi arrangerer eit praktisk kurs i stibygging 17.-19. august.
Vi stiller med ekspertar, varme måltid til lunsj og middag og godt humør i Rosendal. Vi kan også dekke overnatting for langvegsfarande som treng det.
Gratis deltaking! Påmeldingsfrist 10. august.
Kva?
Folgefonna nasjonalparkstyre har fått midlar til å restaurere ein sti knytt til nasjonalparken og vil bruke pengane til å styrke kompetansen på stibygging rundt Folgefonna.
Vi har fått tak i ein aktuell trasé i Rosendal og avtale med grendalaget som arbeider med å få restaurert stien. Kurshaldar vert Rune Holen frå Statens naturoppsyn som har arbeidd med stibygging i heile landet i ei årrekke.
Målgrupper
- Organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar
- Lokale entreprenørar/anleggsgartnarar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar
- Offentlege tilsette som arbeider med stiar
Kor tid?
Frå torsdag 17. august kl 1200 til laurdag 19. august kl 1300
Program
Torsdag kl 12-19
Fredag kl 9-17
Laurdag kl 9-13
Deltaking er gratis. Alle måltid vert dekka på Rosendal Fjordhotel. Det er midlar til å dekke overnatting til nokon av gjestene om det er behov for det. Dei med lengst reiseveg vert prioritert.
Innhald
- Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak
- Prosjektering av eit stiprosjekt
- Gjennomgang av ulike teknikkar i stibygging: spalta grussti, steinlegging, klopplegging, gode grøfter, drift og vedlikehald
- Søknader og finansiering av stiprosjekt