Meny
Lukk

Verneforskrift

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde vart verna ved kongeleg resolusjon i 2004. Området dekkjer eit areal på om lag 500 km2 i kommunane Stranda og Norddal på Sunnmøre.

Føremålet med vernet er tredelt:

- Ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv.

- Ta vare på viktige kulturlandskap der fjordgardar, setermiljø og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.

- Ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.

Sjå verneforskrift for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde
External link icon