Foto: Anne Rudsengen / SNO

Velkomen til nettsida til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. Her finn du informasjon om verneområdet, om nasjonalparkstyret og om forvaltninga.
Under dei ulike menyane finn du relevant informasjon om forvaltninga av verneområdet.
Praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni 2025
18.03.2025
Miljødirektoratet arrangerer saman med verneområdestyra for Jostedalsbreen, Ålfotbreen og Naustdal/Gjengedal eit praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni. Målet med kurset er å lære meir om korleis vi kan ta vare på stiar i naturområde.
Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn er instruktørar. Dei har i mange års erfaring med stiarbeid.

Skjøtselsplan for Tungestølen og Nystølen med Langedalen og Austerdalen i Luster kommune
15.05.2024
Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har fått utarbeidd skjøtselsplan for det særeigne kulturlandskapet rundt Tungestølen og Nystølen i Luster kommune.
Nedanfor finn du lenker til dei tre skjøtselsplanane.

Geologiske verneverdiar i og rundt Jostedalsbreen - Ny rapport
22.01.2024
Atle Nesje har på oppdrag frå nasjonalparkstyret utarbeidd ein rapport som tek for seg geologiske verneverdiar i og rundt Jostedalsbreen. Her er mykje interessant kunnskap om kvartærgeologien i området samla i ein rapport med mange flotte illustrasjonar. Nedanfor finn du til rapporten. For å lette nedlasting har vi delt rapporten delt opp i 27 delar.