Meny
Lukk

Praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni 2025

Miljødirektoratet arrangerer saman med verneområdestyra for Jostedalsbreen, Ålfotbreen og Naustdal/Gjengedal eit praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni. Målet med kurset er å lære meir om korleis vi kan ta vare på stiar i naturområde.

Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn er instruktørar. Dei har i mange års erfaring med stiarbeid.


Korleis skal vi ta vare på stiane våre?

Praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni.

Ein sti skal ta vare på naturverdiane, landskapet og dei som brukar stien. Stien må tole dei påkjenningane som stien kan bli utsett for, både klima og type ferdsel.

Hovudregelen er at du skal ta vare på den stien du har.

Miljødirektoratet arrangerer saman med verneområdestyra for Jostedalsbreen og Naustdal/Gjengedal og Ålfotbreen eit praktisk stikurs på Sandane 10.-13.juni. På kurset lærer ein korleis vi kan ta vare på stiar i naturområda våre.

Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn som i ei årrekkje har arbeidd med sti er instruktørar på kurset.

Det er gratis å delta, men det er avgrensa tal på plassar. Miljødirektoratet dekkjer kostnader til opphald på Gloppen hotell for deltakarane. Reise til/frå må ein dekke sjølv.

Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interesserte.


Kursinnhald

- Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak på stien

- Prosjektering av eit stiprosjekt

- Gjennomgang av ulike metodar for tilrettelegging: spalta grussti, greinsti, steinlegging, klopplegging, gode grøfter, drift og vedlikehald

- Naturrestaurering ved stiprosjekt

Lokalitet

Kurset blir gjennomført på Sandane, med øvingsområde på stien mot Haugsvarden.

Stien mot Haugsvarden ligg høgt og fritt med flott utsyn utover Nordfjorden - Foto: Tor Arne Hauge

Målgruppper

- Verneområdeforvaltarar og andre offentleg tilsette som arbeider med friluftsliv og stiar

- Tilsette og frivillige i organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar

- Lokale entreprenørar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar

Stad og tid

Gloppen hotell, Sandane, frå tysdag 10.juni kl 17:00 til fredag 13.juni ca. kl 12:00.


NB! Dei som melder seg på kurset får svar om dei får plass etter at fristen for påmelding går ut.



Frist for påmelding 10.april 2025

Lenke til skjema for påmelding
External link icon