Besøksstrategi
Besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark vart vedteken i 2021. Den er utarbeida av Jostedalsbreen nasjonalparkstyre som eit verktøy for å forvalte verneområdet på ein strategisk og god måte. Den fortel kva strategiar forvaltninga har for å ta i mot og handtere dei som besøkjer nasjonalparken. Her er det gjort nokre strategiske val og prioriteringar, for å kunne gje dei besøkjande best mogeleg opplevingar og samstundes ta vare på naturen.