Meny
Lukk

Kongeleg resolusjon

Kongeleg resolusjon er eit vedtak fatta av Kongen i statsråd. Vedtak om vern vert fatta som konglege resolusjonar. For kvart verneområde er det og utarbeida eit føredrag som grunnlag for vedtaket.

Etter norsk statsskikk skal mange av dei viktigaste avgjerdene formelt gjerast av «Kongen i statsråd». Avgjerdene som blir gjort av regjeringa samla i statsrådet under leiing av Kongen, blir kalla kongelege resolusjonar.

Verneforskrifter skal etter naturmangfaldslova bli vedteke av Kongen i statsråd. I samband med handsaming og vedtak av Kongen i statsråd, vert det utarbeida eit føredrag som grunnlag for framlegget til verneforskrift. Dette føredraget er viktig for å forstå og tolke verneforskriftene.

Dersom der er tvilstilfeller som ein ikkje klarar å avgjere ut i frå verneforskrifta, kan ein sjå om der ligg føringar i kongeleg resolusjon. Den er mykje meir detaljert enn verneforskrifta, og oppsummerer mange av dei innspel og vurderingar som er gjort i verneprosessen.

Foredrag til kongeleg resolusjon for Jostedalsbreen nasjonalpark finn du her.

Foredrag til kongeleg resolusjon
File icon PDF