Besøksstrategi
Besøksstrategi for Jotunheimen og Utladalen
Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er blant dei mest besøkte verneområda i Noreg. Med bakgrunn i den nasjonale satsinga på verdiskaping basert på naturarven, er det utarbeida ein besøksstrategi.
Målsetjinga med besøksstrategien har vore:
1. Bidra til å gje dei besøkande ei betre oppleving
2. Bidra til å auke verdiskapinga i lokalsamfunna rundt verneområdet
3. Bidra til å ta vare på naturverdiane i verneområdet og i randsona
Framlegget til besøksstrategi vart utarbeidd av Fylkesmannen i Oppland i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har m.a. teke utgangspunkt i tre brukarundersøkingar utført i 1992, 2002 og 2010. Strategien har eit klart brukarpersepektiv og omfattar berre forvaltninga sitt ansvarsfelt. Han er ei utdjuping av forvaltningsplanen. Det er utført ny brukarundersøking i 2019, og strategien er til revisjon