Meny
Lukk
Føremålet med Haldorbu landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi, opplevingsverdi, og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med vernet å: - ta vare på eit naturområde med eit rikt dyre- og planteliv som pregar landskapet. - ta vare på og oppretthalde eit eigenarta, ope og vakkert natur- og kulturlandskap der stølslandskapet med beitebruk, stølsbygningar og stølsvollar, og kulturminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart. - ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet medrekna naturtypar som naturbeitemark, myr, medrekna slåttemyr, ferskvatn/våtmark, og artar knytte til desse. - ta vare på vassdragsnatur, landskapsformer og kvartærgeologiske førekomstar. Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvennleg og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.