
Velkommen til Nærøyfjorden verneområdestyre si informasjonsside. Her finn du informasjon om verneområda i Nærøyfjordområdet og forvaltningsoppgåvene som styret og forvaltarane utfører.
Verneområda Nærøyfjorden verneområdestyre har ansvaret for er:
- Nærøyfjorden landskapsvernområde
- Bleia-Storebotnen landskapsvernområde
- Bleia naturreservat
- Nordheimsdalen naturreservat
- Grånosmyrane naturreservat
- Geitanosi naturreservat.
Presentasjonar frå dialogmøte om besøksforvaltning 12. desember 2024
24.01.2025
Her ligg programmet og dei fleste presentasjonane frå dialogmøtet om besøksstyring og tilrettelegging i verdsarven som vart gjennomført 12. desember 2024. Denne sida vil vere tilgjengeleg i 14 dagar, til 7. februar 2025, slik at dei som ynskjer får lasta ned presentasjonane.
Utlysing av konkurranse - Felles kunnskapsinnhenting for Vestnorsk fjordlandskap
15.07.2024
I høve revidering av forvaltningsplanen for verdensarvområdet, nye forvaltningsplanar på nett for dei ulike verneområda og ein regional plan for vestnorsk fjordlandskap, trengs det eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.
Retningslinjer for tilrettelegging av ilandsstigningsplassar langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden
03.05.2024
På styremøte 22. februar 2024 vedtok Nærøyfjorden verneområdestyre nye retningslinjer som inneber ein skjerpa praksis for etablering av bål- og rasteplassar langs fjorden.