Meny
Lukk

Utlysing av konkurranse - Felles kunnskapsinnhenting for Vestnorsk fjordlandskap

I høve revidering av forvaltningsplanen for verdensarvområdet, nye forvaltningsplanar på nett for dei ulike verneområda og ein regional plan for vestnorsk fjordlandskap, trengs det eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Nærøyfjorden verneområdestyre har lagt ut konkurranse om felles kunnskapsinnhenting for Vestnorsk fjordlandskap på Doffin. Arbeidet inneber innsamling av eksisterande kunnskap om miljøtilstanden i heile verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, supplerande kartlegging og utarbeiding av ein plan for tetting av kunnskapshol og langsiktig miljøovervaking i området. Vi ynskjer tilbod frå fagmiljø som har fagleg kompetanse innanfor både marin og terrestrisk økologi, artskompetanse innan både flora og fauna, samt kunnskap om vasskjemi og miljøovervåking.

Konkurransen finn du her: Felles kunnskapsinnhenting for vestnorsk fjordlandskap | Doffin, Database for offentlige anskaffelser

Tilbodsfrist er 2. september 2024.

Konkurransen gjennomføres ved bruk av et elektronisk konkurransegjennomføringsverktøy (KGV) fra EU-Supply (https://www.eu-supply.com). All kommunikasjon rundt konkurransen skjer via KGV.