Meny
Lukk

Besøksstrategi

Besøksstrategien for verneområde i Nærøyfjordområdet vart vedtatt i 2020. Den er utarbeida av Nærøyfjorden verneområdestyre som eit verktøy for å forvalte verneområda på ein strategisk og god måte. Den skisserer ein plan for tilrettelegging, styring av ferdsel, kunnskapsformidling og informasjon til besøkjande.

Besøksstrategien skal søke å finne ein balanse mellom å ta vare på verneverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og leggje til rette for lokal verdiskaping. Den skal nyttast som ein framtidsretta strategi for fornying og vekst i bygdene. I planen blir det mellom anna sett på kva delar av verneområda som kan leggjast til rette for auka aktivitet, og korleis vi kan styre ferdsel utanom dei mest sårbare områda.

Som vedlegg til besøksstrategien er det utarbeida ein kommunikasjonsplan i samarbeid med Nærøyfjorden verdsarvpark. Denne er eit verktøy for å planlegge kva som skal kommuniserast og til kven, kor og korleis. Den definerer målgrupper og mål med kommunikasjonen og skildrar bodskapen vi ynskjer å kommunisere og korleis denne kommunikasjonen skal gjennomførast.

Besøksstrategi for verneområde i Nærøyfjordområdet
File icon PDF
Kommunikasjonsplan for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden
File icon PDF