Søknadar
Alle kan søke verneområdestyret om tiltak i verneområdet. Verneområdestyret kan gje dispensasjon fra verneforskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med verneføremålet og i liten grad påverkar verneverdiane negativt. Sjå ofte stilte spørsmål for å finne ut om tiltaket ditt er søknadspliktig.
Søknad skal vere skriftleg og gje tilstrekkeleg informasjon til at verneområdestyre kan fatte vedtak.
Søknad om motorferdsel - snøskuter og helikopter
Verneområdestyret kan gje dispensasjon fra verneforskrifta for bruk av snøscooter og helikopter til transport av materialer, proviant og utstyr til hytter og stølshus. I forvaltningsplanen er det vedteke retningslinjer for handsaming av slike søknader.
Bruk standard søknadskjema for å søke om løyve til motorferdsel.
Søknad om vedlikehald/endring av stølshus
Alle utvendige endringar på stølshus er søknadspliktig etter verneforskrifa. Dette gjeld mellom anna skifte av vindauge, innsetting av fleire vindauge, nytt tak, bygging av platting, utedo m.m.
Søknad sendast til Nærøyfjorden verneområdestyre på e-post sfvlpost@statsforvalteren.no. I søknaden må det vere med ei forklaring på kva arbeid som skal gjennomførast og kva som er formålet med arbeidet. Søknaden må innehalde bilder av bygget slik det ser ut i dag, teikningar/skisse over endringsplanane, kart som viser kvar bygget ligg og tidsperiode for gjennomføring av tiltaket. Eigarforhold må vere avklart før søknad blir sendt.
Merk at all transport i samband med byggetiltaket også må søkast om til verneområdestyret. I tillegg må du ta kontakt med kommunen for å avklare om tiltaket er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Verneforskrifta set ramma for kva som er lov og ikkje lov å gjere i verneområdet. Nokre aktivitetar og tiltak krev løyve frå forvaltingstyresmakta. Alle verneområde har si eiga verneforskrift som har som føremål å ta vare på verneverdiane.
Vi anbefaler å lese forskrifta før du søker: