Rådgjevande utval
Rådgivende utval er eit rådgjevande organ for verneområdestyret. Utvalet skal sikre eit godt samarbeid mellom verneområdestyret og dei mange ulike brukarinteressene i verneområda. Utvalet skal bidra med lokal kunnskap og kome med innspel til forvaltning, bruk og utvikling av verneområda. Utvalet handsamar ikkje einskildsaker, men skal kunne gje råd om overordna strategiar. Vanlegvis har rådgjevande utval dialogmøte med verneområdestyret ein gong i året. Verneområdeforvaltar er sekretær for utvalet, og SNO deltek på møte.
Fylgjande interessegrupper og organisasjonar er medlemmar i rådgjevande utval for Nærøyfjorden:
Bakka grendalag
Fresvik bygdalag
Nærøy vel
Dyrdal grendalag
Undredal grendalag
Jordalen grendalag
Representant Frønningen
Grunneigarrepresentant Styvi
Grunneigarrepresentant Stigen
Venar av Flåmsdalen
Sognefjorden Vel
Aurland fjellstyre
Lærdal fjellstyre
Aurland turlag
Voss utferdslag
Lærdal turlag
Vik turlag
Sogn og Fjordane turlag
Bergen og Hordaland turlag
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Naturvernforbundet i Hordaland
Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) Sogn og Fjordane/Hordaland
Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell
Nordfjella villreinutval
Fjellheimen villreinutval
Raudafjell villreinutval
Statsforvaltaren i Vestland
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Verdsarvkoordinator Vestnorsk fjordlandskap, Nærøyfjorden
Visit Voss
Visit Sognefjord
Høgskulen på Vestlandet
Aurland hamnevesen