Meny
Lukk
Foto: Bengt Erlend Skjerdal
Nærøyfjorden landskapsvernområde er eit vakkert og eigenarta natur- og kulturlandskap som strekk seg frå fjord til fjell i eit storfelt isbreutforma landskap med eit mangfald av plante- og dyreliv. Kulturlandskapet med slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne, skapt gjennom aktiv landbruksdrift, utgjer ein vesentleg del av landskapets karakter.