Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål til nasjonalparkstyret. Svara er av generell art og ikkje førande ift. behandling av evt. søknadar.


Eg har hytte i verneområdet og ønskjer å køyre snøskuter til hytta. Er det tillatt?

I utgangspunktet er det ikkje tillatt med motorisert ferdsel i dei verna områda. Nasjonalparkstyret kan etter søknad gje løyve til eit begrensa tal turer for transport av utstyr og varer til hytte ved bruk av leigekøyrar. Søknad sendes ved bruk av dette skjemaet.

Verneforskrifta opnar ikkje for å gje løyve for rein persontransport, f.eks. for tilsyn med hytte, snømåking ol!

Eg ynkjer å bruke drone til fotografering og filming, er det tillatt?

Det er ikkje tillatt å fly drone i nasjonalparken uansett formål. I spesielle tilfelle som ved forskning, større filmproduksjonar ol. kan det gjes løyve så lenge det ikkje går føre i sårbare område eller i sårbare periodar. Søknad sendes nasjonalparkstyret. I landskapsvernområda er det ikkje forbud mot bruk av drone.

Er det tillat å arrangere guida turar i verneområda?

Organisert ferdsel som er til skade for naturverdiane er ikkje tillate i vernområda. Tid på året og område turen skal leggas til, vil avgjere om turen kan vere til skade. Eksempel på turar som vil vere til skade, er guiding på villrein. Ta gjerne kontakt med nasjonalparkforvaltarane for å høyre om du bør søkje om løyve.

Er det lov å sykle i verneområdene?

Nei, det er ikkje tillate å bruke sykkel i nasjonalparken.