Meny
Lukk

Praktisk stikurs på Billingen 16. - 19. september 2024

I samarbeid med Nasjonalparkstyret for Reinheimen arrangerar Miljødirektoratet eit praktisk stikurs på Billingen 16. - 19. september. Formålet med kurset er å lære metoder for å kunne ta vare på eksisterande stier i naturområda.

Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn er instruktørar, som har lang og god erfaring gjennom arbeid med ulike stitiltak.

Korleis skal vi ta vare på stiane våre?

Ein sti skal ta vare på naturverdiane, landskapet og dei som bruker stien. Stien må tole dei påkjenningane som stien kan bli utsett for, om det er klima eller type ferdsel. Hovudregelen er at du skal ta vare på den stien du har.

Miljødirektoratet arrangerer saman med Nasjonalparkstyret for Reinheimen eit praktisk stikurs på Billingen i Skjåk 16. – 19. september, om korleis vi kan ta vare på stiane i naturområda våre.
Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn som i ei årrekkje har arbeidd med sti er instruktørar.

Det er gratis å delta, men det er avgrensa tal på plassar. Miljødirektoratet dekker opphaldet ved Billingen Seterpensjonat for deltakarane. Reise til/frå må ein dekke sjølv.

Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interesserte.

Stad
Kurset blir ved Billingen med fokus på kva for omsyn ein må ha når ein jobbar med sti og ferdsel. Kva ein skal tenkje på når ein vedlikehalde, restaurere og revegetere leggje til rette sti.

Målgrupper
- Verneområdeforvaltarar og offentlege tilsette som arbeider med stiar
- Organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar
- Lokale entreprenørar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar

Kor tid?
Billingen frå måndag 16. september kl 17:00 til torsdag 19. september ca kl 12:00

Innhald
- Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak
- Prosjektering av eit stiprosjekt
- Gjennomgang av ulike metodar for tilrettelegging: spalta grussti, steinlegging, klopplegging, gode grøfter, drift og vedlikehald
- Naturrestaurering ved stiprosjekt

Påmelding!
Lenke til påmelding: Påmelding her.

Påmeldingsfrist: 9. september 2024