Meny
Lukk

Revisjon - Forvaltningsplan for Reinheimen og tilhøyrande landskapsvernområde

Denne sida er ei samleside for prosessen, og her blir det lagt ut relevante dokument knytt til revisjonsarbeidet.

Revisjon av forvaltningsplanar for Reinheimen området er omfatta av totalt 7 verneområde, Reinheimen nasjonalpark og landskapsvernområda Ottadalen, Finndalen, Lordalen, Romsdalen, Trollstigen, Tafjorden-Reindalen.

Revidering av forvaltningsplan betyr ikkje ny verneforskrift

Ein forvaltningsplan skal fungere som ein praktisk veileder med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon, oppsyn mv. Forvaltningsplan skal på den måten bidra til bruk som sikrar vernet. Da bruken av områda endrar seg over tid, er det nødvendig å revidere forvaltningsplanane etter ei viss tid. Miljødirektoratet tilrår revisjon kvart 10 ande år. Revidering av forvaltningsplan betyr ikkje endring av verneforskriften. I samband med forvaltningsplanarbeidet kan det kome innspel som gjeld endring av verneforskriften. I den grad det kjem slike innspel undervegs kan det leggast fram for nasjonalparkstyret for vidaresending til Statsforvaltaren og Miljødirektoratet.

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har 12.04.23 sendt ut melding om oppstart av revisjonsarbeidet til partar i verneområdet. Det er høve til å kome med innspel til arbeidet. Innspela vil saman med eksisterande planer og nye føringar danne grunnlag for utarbeiding av utkast til reviderte plandokument.

UTKAST - prosjektplan
prosjektplan - 15.02.23
File icon PDF
Melding om oppstart
Brev av 12.04.23
File icon PDF
Vedtak i Nasjoanlparkstyret for Reinheimen - 15.02.23
Saksframlegg og vedtak i sak 09/2023
File icon PDF
Vedtak i Nasjonalparkstyret for Reinheimen - 27.10.23
Saksframlegg og vedtak i sak 44/2023
File icon PDF
Prosjektplan - godkjent
Prosjektplan 03 - 27.10.23
File icon PDF