Meny
Lukk

Søknadar

Dispensasjon frå verneforskriftene

Motorferdsel og inngrep av alle slag er i utgangspunktet forbode i verneområda knytt til Reinheimen. Verneforskriftene opnar for at nasjonalparkstyret kan gje dispensasjon til ulike formål etter søknad. Søknaden må være skriftleg og gje tilstrekkeleg informasjon for at nasjonalparkstyret skal kunne fatte vedtak. Føremålet med eventuell motorisert ferdsel, eller eit byggetiltak, må vera nødvendig og behovet skal grunngjevast i søknaden. Gjeldande reglar for kvart verneområde går fram av verneforskrifter og forvaltningsplan.

Behandling av søknader om motorferdsel av kurrant karakter, m.a. saker etter dei spesifiserte dispensasjonsføresegnene i verneforskriftene, er delegert til nasjonalparkforvaltarane.

Alle typer byggjesøknadar og inngrep skal behandlast av nasjonalparkstyret.