Meny
Lukk

Motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode i verneområda knytt til Reinheimen, både etter lov om motorferdsel i utmark og etter verneforskriftene. Verneforskriftene opnar for at nasjonalparkstyret kan gje dispensasjon til ulike formål etter søknad. Søknaden må være skriftleg og gje tilstrekkeleg informasjon for at nasjonalparkstyret skal kunne fatte vedtak. Føremålet med eventuell motorisert ferdsel, må vera nødvendig og behovet skal grunngjevast i søknaden. Gjeldande reglar for kvart verneområde går fram av verneforskrifter og forvaltningsplan. Til ein del nytteformål er motorferdsel i utmark tillate, t.d. i samband med utøving av jord- og skogbruk.

Behandling av søknader om motorferdsel av kurrant karakter, m.a. saker etter dei spesifiserte dispensasjonsføresegnene i verneforskriftene, er delegert til nasjonalparkforvaltarane.

External link icon Søknadsskjema
External link icon Rapporteringsskjema motorferdsel