Styret
Nasjonalparkstyret er representert med ein politikar frå kommunane Vågå, Lom, Skjåk, Lesja, Rauma og Fjord, og Innlandet og Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg har Reinheimen-Breheimen villreinutval ein representant i styret.
Nasjonalparkstyret er forvaltningsmyndigheit for Reinheimen nasjonalpark, landskapsvernområde Ottadalen, Finndalen, Lordalen, Romsdalen, Trollstigen, Tafjorden-Reindalen, og naturreservata Brettingsmoen, Einstullie, Vermedalen, Slettsvaet, Muldalslia.
Nasjonalparkstyret skal forvalte verneområda i samsvar med internasjonale plikter, naturmangfaldlova og verneforskriftane for verneområda. Styret har ansvar for ein heilskapleg forvaltning av verneområda, der hovudoppgåva er ivaretaking av verneverdiane og verneførmålet.
Nasjonalparkforvaltarane for Reinheimen utgjer sekretariatet for styret, og skal gjennom si saksbehandling bidra til at styret forvaltar verneområdet i samsvar med naturmangfaldlova og verneforskriftane, og reglane i forvaltningslova.
I menyen til venstre publiseres informasjon om nasjonalparkstyret, saksdokumenter og møteprotokoller.