Reinheimen nasjonalpark med seks tilhøyrande landskapsvernområde og eit naturreservat, vart oppretta ved kongeleg resolusjon 24.november 2006. Fire naturreservat vart i tillegg lagt til forvaltning av verneområder for Reinheimen i 2020. Reinheimen er eit fellesnamn for heile det store verneområdet, som har eit areal på over 2600 km2. Namnet Reinheimen var fyrst brukt av fjelloppsynsmann og forfattar Olaf Heitkøtter, som på 70-talet gav ut ei bok med tittelen, Reinheimen. Området har sterke lokale interesser knytt til beitebruk, jakt og fiske. Reinheimen er lite kjent som nasjonalpark, og det er behov for å gjere nasjonalparkstatusen meir kjent.
I menyen over finn du faktainformasjon om dei enkelte verneområda.