Reinheimen nasjonalpark
- Offisielt namn:Reinheimen nasjonalpark
- Verneform:Nasjonalpark
- Verna frå:-
- Areal:1973 km²
-
Kommunar:Vågå,Lesja,Rauma,Lom,Skjåk,Fjord
- Verneforskrift
- Faktaark
Foto: Kjell Stålevik
Føremålet med opprettinga av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Sentralt i økosystemet er leveområdet til villreinstammen i Ottadalen nord.
Reinheimen er eit viktig referanseområde for forsking med ein aust-vest gradient med stor variasjonsbreidde i høve til både geologi, klima, vegetasjon og topografi. Det har både særprega landskapsformer og geologiske førekomstar.
Det er vidare eit mål å ta vare på vassdragsnaturen i området samt å verne om kulturminna.
Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.