Meny
Lukk
Foto: Mari Melbø Rødstøl
Formålet med opprettinga av Romsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit særprega og vakkert natur- og kulturlandskap med det biologiske mangfaldet som pregar landskapet. Ein del av verneområdet har verdi som leveområde til villreinen i Ottadalen. Området har også geologiske verneverdiar og dei bratte fjellsidene mot Romsdalen utgjer eit særprega landskapselement. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.