Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på spørsmål mange lurer på. Svara er generelle, og vi ber deg ta kontakt viss du ikkje finn svar på det du lurte på.
Eg skal gjere litt arbeid på stølshuset mitt. Er det søknadspliktig?
Ja, alle tiltak som kan endre på den ytre fasaden på bygget er søknadspliktig, t.d nye vindauge, større vindauge, nytt tak m.m. Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har planar for istandsetting av stølshuset. Enkelt vedlikehald som byte av kledningsbord, er ikkje søknadspliktig, så lenge kledningen er lik den gamle.
Eg har stølshus i verneområdet som eg brukar i fritidssamanheng. Kan eg køyra med snøskuter til stølshuset?
I utgangspunktet er all motorferdsel i verneområdet forbode. Verneområdestyret kan etter søknad gje løyve til transport med snøskuter til hytter og stølshus for transport av materiale, proviant og brensel. Transport av berre personar er ikkje tillatt.
Eg har stølshus i verneområdet som eg brukar i landbruksnæring. Kan eg køyra med snøskuter og helikopter for naudsynt transport i landbruksnæring?
Ja, det er lov med naudsynt motorisert transport i landbruksnæring. Dette gjeld transport av proviant, brensel, saltsteinar og materiale til enkelt vedlikehald av stølshuset.
Er det lov å lande med helikopter i verneområdet utanom landbruksnæring?
Nei, landing med helikopter er forbode i verneområdet. Verneområdestyret kan gje løyve til landing til spesielle føremål. Det er vanskeleg å få løyve til persontransport.
Er det lov å fly drone i verneområda?
Ja, det er lov å bruke drone i verneområdet. Hugs å å følge generelle reglar for droneflyging og ta omsyn til folk og natur.
Kan eg sykle med el-sykkel i verneområdet?
Nei, el-sykkel blir rekna som motorisert ferdsel i utmark, og er ikkje tillate. Vanleg sykkel er lov å bruke.
Er det bandtvang i verneområdet?
Ja, det er samme reglar for bandtvang inne i verneområdet som utanfor? Båndtvangen vert regulert av hundelova. Den generelle bandtvangstida er frå 1. april til og med 20. august. Kommunane kan ha eigne forskrifter med utvida bandtvang. Det er ingen særskilte regler for bandtvang i verneområdet. I område med villrein tilrår vi å ha hunden i band heile året.
Er det lov å jakte i verneområda?
Ja, det gjeld dei same reglane for jakt i verneområda som utanfor. Jaktkort kan du mellom anna kjøpe på nettsida inatur.
Er det lov å fiske i verneområda?
Ja, det er dei same reglane som gjeld for fiske både i og utanfor verneområda. Det er grunneigarane som forvaltar fiskeressursane og bestemmer kva type reiskap som er lov å bruke. Sjekk ut nettsida inatur for å finne ut kor det er lov å fiske og kjøpe fiskekort.