Søknadar
Alle kan søke verneområdestyret om tiltak i verneområde. Verneområdestyret kan gje dispensasjon frå verneforskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med verneføremålet, og i liten grad påverkar verneverdiane negativt.
Søknaden skal vera skriftleg, og den skal gje tilstrekkeleg informasjon til at verneområdestyret kan fatte vedtak. Sjå også ofte stilte spørsmål for å finne ut om tiltaket er søknadspliktig.
Motorferdsel - søknad om snøskuter og helikopter
Verneområdestyret kan gje dispensasjon frå verneforskrifta for bruk av snøskuter og helikopter til transport av materiale, proviant og utstyr til hytte og stølshus. I forvaltningsplanen er det vedteke retningslinjer for behandling av slike søknader.
Bruk standard søknadskjema for å søke om løyve til motorferdsel.
Stølshus - søknad om vedlikehald/endring
Alle utvendige endringar på stølshus er søknadspliktig. Dette gjeld mellom anna skifte av vindauge, fleire vindauge, nytt tak, platting, utedo.
I søknaden må det vere med forklaring på kva tiltak som skal gjennomførast og kva som er føremålet med arbeidet. Søknaden må innehalde bilde av bygget i dag, teikning eller skisse for endringsplanane, kart som viser kvar bygget ligg og tidsperiode for gjennomføring av tiltaket. Eigarforholda må vera avklara før søknaden blir sendt inn. Søknaden skal sendast til Stølsheimen verneområdestyret på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no.
Merk at all transport i samband med bygginga må søkjast om til verneområdestyret.
I tillegg må du ta kontakt med kommunen for å avklare om tiltaket er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Verneforskrifta set ramma for kva som er lov og ikkje lov å gjere i verneområdet. Nokre aktivitetar og tiltak krev løyve frå forvaltingstyresmakta. Alle verneområde har si eiga verneforskrift som har som føremål å ta vare på verneverdiane.
Vi anbefaler å lese forskrifta før du søker: