Rådgjevande utval
Rådgivende utval er eit rådgjevande organ for verneområdestyret. Utvalet skal sikre eit godt samarbeid mellom verneområdestyret og dei mange ulike brukarinteressene i verneområda. Utvalet skal bidra med lokal kunnskap og kome med innspel til forvaltning, bruk og utvikling av verneområda. Utvalet handsamar ikkje einskildsaker, men skal kunne gje råd om overordna strategiar. Vanlegvis har rådgjevande utval dialogmøte med verneområdestyret ein gong i året. Verneområdeforvaltar er sekretær for utvalet, og SNO deltek i møte.
Fylgjande interessegrupper og organisasjonar er medlemmar i rådgjevande utval for Stølsheimen:
Grunneigarrepresentant i Vik kommune
Grunneigarrepresentant i Voss kommune
Grunneigarrepresentant i Modalen kommune
Grunneigarrepresentant i Vaksdal kommune
Grunneigarrepresentant i Høyanger kommune
Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell
Fjellheimen villreinutval
Naturvernforbundet i Hordaland og Sogn og Fjordane
Bergen og Hordaland Turlag og Voss Utferdslag
Høgskulen i Vestland
Eviny AS
Statsforvaltaren i Vestland