Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på ofte stilte spørsmål til nasjonalparkstyret. Svara er av generell art og ikkje førande i samband med behandling av eventuelle søknader. Alle søknader blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Eg ønskjer å bruke drone til fotografering og filming. Er det tillate?
Det er ikkje tillate å flyge drone i Breheimen nasjonalpark uansett formål. I heilt spesielle tilfeller som ved forskning, dokumentasjon, søk etter beitedyr, o.l. kan det bli gjeve løyve så lenge dette ikkje foregår i sårbare område eller i sårbare perioder. Søknad må sendes til Breheimen nasjonalparkstyre. Sjå meir her.
Er det båndtvang i nasjonalparken?
Ja det er det. I delar av nasjonalparken og heile Strynefjellet landskapsvernområde er perioden med bandtvang utvida ein månad i framkant av ordinær tid for bandtvang, dvs. at det er bandtvang i perioden 1. mars - 20. august. Bakgrunnen for dette er først og fremst at villreinen ikkje skal bli uroa i kalvingstida. Sjå område med utvida bandtvang her: Kart utvida bandtvang Breheimen NP
Utanom området i kartet ovanfor er det bandtvang frå 1. april .- 20. august.
I tillegg til det som er nemnt over kan den einskilde kommune ha eigne reglar om utvida bandtvang etter hundelova.
- Lom kommune: 1. april - 1. oktober. Meir informasjon finn finn du her.
- Skjåk kommune: 1. april - 15. oktober. Meir informasjon finn finn du her.
- Luster kommune 1. april - 1. november. Meir informasjon finn finn du her.
Du som hundeeigar er ansvarleg for å kjenne til regelverket.
Er det lov å sykle i verneområdene?
Av forskriftene for Strynefjellet-, Mysubytta-, og Høydalen landskapsvernområde går det fram at der er lov å sykle på grusvegane i områda (jf. § 3 pkt. 5.3). Reglane i forskrifta for nasjonalparken og forskriftene for landskapsvernområda i Breheimen opnar i tillegg for sykling på traséar eller i område som er godkjend for slik bruk i forvaltingsplanen.
Sykling er tillate på følgjande trasè og vegar i Breheimen nasjonalpark heile året:
■ Gamle Sognefjellsveg i Breidsæterdalen Breheimen nasjonalpark
■ Stien Mysubytta – Sota sæter Breheimen nasjonalpark
Sykling er tillate på følgjande trasè og vegar i landskapsvernområda heile året:
■ FV 258 «Gamle Strynefjellsveg» Strynefjellet landskapsvernområde
■ Vegen Sota – Mysubytta Mysubytta landskapsvernområde
■ Vegen inn til Bukkebotnen i Høydalen Høydalen landskapsvernområde
■ Buforvegen Hødnevollen - Liane Mørkridsdalen landskapsvernområde
I tillegg kan følgjande trase syklast i perioden 1. juni – 1. oktober.
■ Tundramoen og langs Tundre, forbi Brumillomsetrene til enden av traktorvegen
Sykling i andre område enn etter vegane og traseane som er nemnde over, krev løyve etter § 3 pkt. 5.2 i forskrifta for nasjonalparken og landskapsvernområda. Det vert ikkje gjeve løyve til slik aktivitet i område med sårbart dyreliv, t.d. kalvingsområde for villrein eller i særleg våte område med fare for sterk slitasje i terrenget.
Sykling er ikkje tillate i Høyrokampen naturreservat.
Vi ønsker å arrangere turer med hest i verneområdene (riding og kløyving). Er dette tillatt?
Forskriftene i nasjonalparken og landskapsvernområda skil mellom organisert og uorganisert bruk av hest (jf. § 3 pkt. 5.3). All uorganisert bruk av hest er tillaten i nasjonalparken og landskapsvernområda.
Dette gjeld også bruk av kløvhest.
Organisert bruk av hest er tillate på einskilde trasear og vegar i nasjonalparken og i landskapsvernområda. I Breheimen er organisert bruk av hest tillate på følgjande trasèar:
■ Gamle Sognefjellsveg i Breidsæterdalen Breheimen nasjonalpark
■ FV 258 «Gamle Strynefjellsveg» Strynefjellet landskapsvernområde
■ Vegen frå Sota til Mysubytta Mysubytta landskapsvernområde
■ Vegen inn til Bukkebotnen i Høydalen Høydalen landskapsvernområde
■ Buforvegane i Mørkridsdalen Mørkridsdalen landskapsvernområde
Organisert bruk av hest i andre område enn dei som er nemnde over, krev løyve etter § 3 pkt. 5.2 i forskrifta for nasjonalparken og landskapsvernområda.