Meny
Lukk

Bruk av drone

Unødig støy i nasjonalparken er forbode. Det er m.a. forbod mot bruk av motordrivne modellfly og modellbåt i nasjonalparken. Dette forbodet omfattar også droner. Sjå kart nederst på sida.

Søknad om bruk av drone blir behandlet strengt slik at nasjonalparken framleis skal være eit område for ro og rekreasjon. Styret kan likevel handsame søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, der flyginga ikkje er i strid med føremålet med vernet. I styresak 27/22 har nasjonalparkstyret vedteke følgande matrise for behandling av søknader om bruk av drone i Breheimen nasjonalpark:

Søknad om løyve til bruk av drone skal vere skriftleg og må gjere greie for:
■ Føremålet med bruken
■ Kva tid flyginga er planlagt gjennomført
■ Skildre eventuelt særskilde forhold
■ Kva utstyr som skal nyttast
■ Område for flyging skal merkast på kart vedlagt søknaden
■ Søknad skal sendast i god tid før flyging skal finne stad

Det er mogleg å sende inn søknad via Statsforvaltaren sin søknadsportal her: https://skjema.no/sf/motorferd...

Lenke til større kart: https://fylkesmannen.maps.arcg...