Meny
Lukk
Foto: Øyvind Angard. SNO Breheimen.
Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Vidare er føremålet med nasjonalparken å: - ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald - ta vare på leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde - ta vare på vassdragsnaturen i området - ta vare på ein variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap - ta vare på grottene i området - ta vare på kulturminne. Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.