Meny
Lukk
Føremålet med Strynefjellet landskapsvernområde er å ta vare på eit naturlandskap med økologisk verdi og opplevingsverdi. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å: - ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde. - ta vare på biologisk mangfald i området, med særleg vekt på leveområde og trekkområde for villreinstammen i Ottadalen villreinområde. - ta vare på kulturminne som bidreg til landskapet sin eigenart. - ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.