Forvaltningsplan
Forvaltningsplanen skal utdjupe og presisere dei einskilde verneforskriftene. Nasjonalparkstyret er ansvarleg for utarbeiding av forvaltningsplanen. Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvaltning. Planen gjev konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningsliner for bruk, informasjon, skjøtsel og tilrettelegging. På denne måten bidreg forvaltningsplanen til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområdet.
Dagens forvaltningsplan vart vedteken i 1994, og nasjonalparkstyret jobbar no med å revidere forvaltningsplanen.