Søknadsfristar
Fristar for behandling av dispensasjonssøknader frå verneforskriftene
Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har i møte 28.08.2017 fastsett slike fristar for søknadsbehandling (sak 49/2017):
Med bakgrunn i fastsette tidsfristar og krav til kunnskapsbasert forvaltning i gjeldande vedtekter for Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, fastset styret slike søknadsfristar for saker som skal behandlast etter verneforskriftene:
1. Saker til behandling i Nasjonalparkstyret 3 veker før oppsett møtedato i møteplan.
2. Saker til behandling i Arbeidsutvalet 1 veke før planlagt oppdrag
3. Saker med administrativ behandling 1 veke før planlagt oppdrag
Søknader som kjem seinare enn desse fristane kan ikkje påreknast å bli behandla før planlagt oppdrag. Fristane blir kunngjort på nettsida til nasjonalparkstyret.
For akutte situasjonar som krev rask oppfølging for å hindre skader/ulemper, og der søkjar ikkje kunne hatt moglegheit for å planleggje, vil sakene likevel bli fylgde opp i samråd med forvaltarane og styreleiar