Meny
Lukk

Retningslinjer for tilrettelegging av ilandsstigningsplassar langs Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden

På styremøte 22. februar 2024 vedtok Nærøyfjorden verneområdestyre nye retningslinjer som inneber ein skjerpa praksis for etablering av bål- og rasteplassar langs fjorden.

Det er stadig fleire som ferdast på fjordane, t.d. med kajakk, og som går i land og rastar på dei få plassane som eignar seg til det. Dette fører til stor slitasje på det som ofte er verdifull slåttemark eller beiteområde. For å få tilrettelegginga inn i meir ordna former har verneområdestyret vedtatt retningslinjer for tilrettelegging av ilandstigningsplassar. Styret har valt å etablere enkle bålplassar i regi av forvaltninga på nokon utvalte plassar med stort besøkstrykk. Samtidig blir grunneigarar informert om at faste bålplassar er eit søknadspliktig tiltak, og det er fleire stadar satt opp skilt som informerer besøkande om å bruke eksisterande bålplassar.

Retningslinjer for tilrettelegging av ilandstigningsplassar
File icon PDF