Meny
Lukk
Grånosmyrane naturreservat er eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

Grånosmyrane naturreservat er eit uvanleg stort myrområde på grensa mellom Aurland kommune og Voss herad. Grånåsmyrane er ein mosaikkprega våtmarkslokalitet karakterisert ved gras, lynghei, starrmyr, vier, grunne basseng og elver.

Området er eit viktig hekkeområde for mange fugleartar, mellom anna fleire raudlista og regionalt sjeldne artar. Der kan nemnast snø- og lappsporv, fjøreplytt, boltitt, heilo og fjellrype. Det er dette rike og sårbare fuglelivet som er grunnen til at området er verna.