Praktisk stikurs på Billingen 16. - 19. september 2024
06.05.2024
I samarbeid med Nasjonalparkstyret for Reinheimen arrangerar Miljødirektoratet eit praktisk stikurs på Billingen 16. - 19. september. Formålet med kurset er å lære metoder for å kunne ta vare på eksisterande stier i naturområda.
Rune Holen og Petter Bråten frå Statens naturoppsyn er instruktørar, som har lang og god erfaring gjennom arbeid med ulike stitiltak.
Kompetansedagar for nye styremedlemmar 14.-15.mars 2024
21.03.2024
Det ble arrangert kompetansedagar for nye verneområdestyre for Reinheimen, Breheimen, Jotunheimen, Dovrefjell-Sunndalsfjella, Rondane-Dovre, Langsua, Sølen, Fulufjellet, 14. - 15. mars på Lillehammer.
PROGRAM - kompetansedagar 14.-15.mars 2024 Kopi av presentasjonene er lagt ut under bilete.
Velkommen til ny nettside for Reinheimen nasjonalpark!
22.12.2023
Reinheimen har publisert ny nettside som er retta mot publikum og besøkjande til verneområda. Med denne nettsida ønskjer nasjonalparkforvaltninga å informere om nasjonalparken, villrein, kulturhistoria, om besøkssentera / innfallsportane, og gje råd om ferdsel. Ta ein titt på https://reinheimen.no
Turistane strøymer til innfallsportane i Reinheimen
13.07.2023
Brukarundersøkinga i Reinheimen frå sommaren 2022 viser at utanlandske turistar strøymer til innfallsportane til nasjonalparken, og mange besøkjer området for fyrste gong. At det er fleire av dei besøkande som var i området for fyrste gong, er den største endringa i Reinheimen sidan 2011.
Ei anna endring etter drøye 10 år er at besøkjande frå andre land har auka, men her er det store forskjellar mellom dei ulike innfallsportane til nasjonalparken.
Sjølv om undersøkinga i 2022 dokumenterar at det er store endringar i besøkstal og type besøkjande, viser undersøkinga at det er utanfor eller i randsona til nasjonalparken at besøkjet aukar. Kjerneområda lenger inn i Reinheimen nasjonalpark har framleis eit urørt preg med liten grad av tilrettelegging, og få besøkande.
Les meir om undersøkinga i rapporten under, eller på NINA sine nettsider: Ferske turister inntar Reinheimen nasjonalpark (nina.no)
God deltaking på seminar om Reinheimen og villrein, på Norsk fjellsenter 5. juni 2023
25.05.2023
Seminaret med fokus på villrein og dei ferske resultata av brukerundersøkinga i Reinheimen i 2022, hadde god deltaking. Etter faginnlegg var det gruppearbeid og dialog med høve til å diskutere relevante problemstillinger i Reinheimen området. Gode innlegg frå Norsk villreinsenter, NINA, Billingen Seterpensjonat, forvaltninga i Reinheimen og engasjementet frå deltakarane, gjorde seminaret til ein god start for arbeidet med revisjon av forvaltningsplan for Reinheimen.
Program og presentasjonane frå seminaret ligg under som PDF.
Årsrapport 2022
24.02.2023
Nasjonalparkstyret for Reinheimen sin årsrapport for 2022 er nå lagt ut under Publikasjoner: Årsrapport 2022
Årsrapporten er ei framstilling av nasjonalparkstyret for Reinheimen sitt arbeid i 2022.