Meny
Lukk

Styret sine vedtekter

Nasjonalparkstyret for Reinheimen sine vedtekter

Vedtektene sett rammer for nasjonalparkstyret sitt arbeid som forvaltningsmyndighet. Miljødirektoratet har med heimel i naturmangfaldlova § 62 andre ledd og tredje punktum, jf Klima- og miljødepartementets delegering av mynde til Miljødirektoratet i forskrift av 20.oktober 2015, (FOR-2015-10-20-1905), fastsett vedtekter for nasjonalparkstyret.

Føremålet med vedtektene er å leggje til rette for ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvalting av dei verneområda styret har ansvar for. Vedtektene skal sørge for at nasjonalparkstyret skal kunne oppfylle føremålet med vernet i tråd med nasjonale mål og internasjonale plikter.

Vedtekter - Nasjonalparkstyret for Reinheimen
Vedtekter frå januar 2024
File icon PDF