Meny
Lukk
Foto: Kjell Stålevik
Føremålet med opprettinga av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande og villmarksprega fjellområde med eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald. Sentralt i økosystemet er leveområdet til villreinstammen i Ottadalen nord. Reinheimen er eit viktig referanseområde for forsking med ein aust-vest gradient med stor variasjonsbreidde i høve til både geologi, klima, vegetasjon og topografi. Det har både særprega landskapsformer og geologiske førekomstar. Det er vidare eit mål å ta vare på vassdragsnaturen i området samt å verne om kulturminna. Etter verneformålet skal ålmenta ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv.