Velkomen til Stølsheimen verneområdestyre si informasjonsside. Her finn du informasjon om verneområdet og forvaltningsoppgåvene som styret og verneområdeforvaltarane utfører.
Stølsheimen verneområdestyre har forvaltningsansvar for Stølsheimen landskapsvernområde.
Utlysning av konkurranse - Skjøtselsarbeid i kulturlandskapet i Stølsheimen landskapsvernområde
13.12.2023
Årlege skjøtselsoppdrag i åra 2024 og 2025, med mogelegheit for utviding. Det vert gjort avtale om konkrete arbeidsoppgåver, arbeidsområde og prioriteringar i eigen arbeidsplan. Arbeidet inneber rydding av kratt, restaurering av slåttemaker og stølvsvoller, skjøtsel av stølsvegar og stiar med meir.
Frist for levering av tilbod er 26.01.2024 kl 12:00.
Konkurransen er lagt ut på Doffin:
Skjøtselsarbeid i kulturlandskapet i Stølsheimen landskapsvernområde 2024 - 2025 (2027) | Doffin, Database for offentlige anskaffelser
Utlysning av konkurranse - Istandsetjing av murar i Galden
07.12.2023
Stølsheimen verneområdestyre inviterar leverandørar til å delta i kokurransen om istandsetjing av murar i Galden på burførstien mellom Ålrek og Vøvringen i Stølsheimen landksapsvernområde.
Frist for levering av tilbod er 15.01.24, kl 12:00.
Konkurransen er lagt ut på Doffin.
Retningslinjer for solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde
21.02.2023
På styremøte den 10. februar 2023 vart det vedteke retningslinjer for bruk av solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde. Det må søkjast om løyve frå Stølsheimen verneområdestyre før det kan monterast solcellepanel i Stølsheimen landskapsvernområde.
Retningslinjene og bakgrunn for retningslinjene finn du her: