Besøksstrategi
Besøksstrategien for Stølsheimen landskapsvernområde vart vedtatt i 2020. Den er utarbeidd av Stølsheimen verneområdestyre som eit verktøy for å forvalte verneområda på ein strategisk og god måte. Den skisserer ein plan for tilrettelegging, styring av ferdsel, kunnskapsformidling og informasjon til besøkjande.
Besøksstrategien skal søke å finne ein balanse mellom å ta vare på verneverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og leggje til rette for lokal verdiskaping. Den skal nyttast som ein framtidsretta strategi for fornying og vekst i bygdene. I planen blir det mellom anna sett på kva delar av verneområdet som kan leggjast til rette for auka aktivitet, og korleis vi kan styre ferdsel utanom dei mest sårbare områda.