Søknadar
I utgangspunktet må det søkast om motorferdsel, byggetiltak og anna verksemd som skal skje i eit av verneområda.
Under lenkene til vestre finn du søknadsskjema for motorferdsel i verneområda og to søkarguidar som gir grundig informasjon om søknadsprosessen i motorferdselssaker og byggesaker.
Søknader om større tiltak og saker av prinsipiell betydning må vanlegvis handsamast av verneområdestyret. Styret har møte fire gonger i året.
Søknader om andre tiltak handsamast av verneområdestyret sitt arbeidsutval. Det kallast inn til møte i AU ved behov.
Søknadar om ferdsel, motorferdsel og små byggetiltak kan handsamast av verneområdeforvaltarane etter delegert mynde. Slike søknadar handsamast fortløpande.
Alle søknadar skal sendes til den kommunen saka gjeld, samt verneområdestyret sitt postmottak og ein av verneområdeforvaltarane.